Verdensbeste.no
Bestens BestematMiddagRåvarerSjømatverdens besteVerdens Beste Presenterer

Bestens Beste Klippfisk

Vil du lære å lage klippfisk?

Kåre Grønsnes har laga klippfisk iallfall i 40 år. Han likar best å lage klippfisk av lyr, men seier ein også kan bruke lange, torsk og hyse. Kåre fiskar med lyregarn, 9 omfar. Bruk fisk som er 1,5 kg og større.

Klippfisk må hengast til tørk mellom februar og byrjinga av april.

Bestens Beste Klippfisk:

  1. Det første du må gjere etter sløying er å flekke fisken: Skjær av hovudet og del den i to på langs. Fisken skal henge sammen i ryggskinnet.
  2. Fjern ryggbein frå gattet og fram.
  3. Lag 5-7 cm opning i skinnet bak ved sporen, kjem attende til dette i punkt 6.
  4. Legg fisken i ein kasse med rikeleg grovt salt. Legg den lag på lag, fisk og grovsalt, med kjøttet opp og skinnet ned. La den ligge i saltet i 24 timar.
  5. Skyll fisken grundig i rennande vatn.
  6. Vreng sporen gjennom holet du laga. Dette for at fisken skal henge med kjøttet ut og ikke klappe sammen.
  7. Finn fram ein trestokk, til dømes eit kosteskaft og tre fisken på.
  8. Heng fisken opp ein luftig og tørr stad. Til dømes under takskjegget som på bilete under.
  9. Når fisken er knusktørr er den ferdig. Dette sjekkar du ved å trykke på den. Er den knallhard og ikkje gir etter er den ferdig. Tida dette tek avheng av tørkeværet, ved god tørk 4-5 veker.
  10. Legg fisken i vatn i minst eit døgn.
  11. Slit så fisken i to deler og vreng skinnet av. Dette er håndarbeid. Du sit då att med filetene.
  12. Fjern sidebein og kutt i kokestykke.
  13. Legg porsjonsvis i frysen og ta opp når du treng. Frosen klippfisk held seg lenge.

Tradisjonelt serverast klippfisk med poteter, gulrøtter og eggesmør, men den er også perfekt til bacalao og veldig god på grillen (må då vatnast i eitt døgn på førehand)!

Brasiliansk Bacalao er ein nydeleg klippfisk-rett vi anbefaler deg å prøve. Oppskrifta finn du HER :