Drinkmaster André held deg vaken!
Ingredienser:
- 4 cl vodka
- 3 cl kahlua
- 3 cl sukkerlake
- 1 dobbel espresso
Denne gongen kom drinkmasteren på besøk med eit norgesglass i handa!
Norgesglass – shaker eller det du har, fyll opp med isbiter. Viktig at denne drinken er kald-kald og ikkje utvatna så bruk godt med isbiter. Sjølve miksinga er grei. Ha i alt og rist kraftig.
Sil over i opne glass og nyt.
Søtt og bittert på den beste måten.
PS! Sukkerlake lagast med like deler sukker og vatn. Kok opp og kjøl heilt ned.