Verdens beste lapper, kefirslapper, natronslapper, sveler eller moffeloffer? Ja takk!
Ingredienser til ca 20 lapper
- 4 dl kefir
- 4 ss sukker
- 2 egg
- 1 ts natron
- 1 ts hornsalt (eller bakepulver – eller ei blanding av dei to)
- Ei lita klype salt (0,5 ts-ish)
- 4 dl kveitemjøl
Vips saman kefir, sukker og egg. Bland saman natron, hornsalt/bakepulver, salt og kveitemjøl og sikt dette inn i røra litt og litt medan du visper.
Varm å opp steikepanna på middelshøg temperatur og steik lappene – du treng ikkje bruke smør. Når dei bobler på oppsida er dei klare til å snuast.
Vi pleier å dekke bordet og sette fram syltetøy, brunost og honning. Ein kan også ha banan, bær eller kanskje gå for salt pålegg? Slå deg laus!
Verdens beste lapper!