Elsker Dry Pink Gin!

Nydeleg etikett som gir assosiasjoner til gamle skuleplansjer.

Vi er glade i gin – og spesielt gin frå Blomsterdalen!

OSS CRAFT Distillery lagar Bareksten Botanical Gin som vart kåra til verdens beste gin i 2017.

Vi oppdaga nett OSS CRAFT Distillery sin ELSKER Dry Pink Gin. Prisen ligger på 399 kr for 70 cl. Den er gluten- og sukkerfri. Smak av villbringebær, einer og sitrus. Vi er begeistra!

Denne kan sjølvsagt drikkast med tonic og lime/sitron eller med ingefær og lime.

Den kan også drikkast som den er med isbiter og ei limeskive.

Vår favoritt (så langt) er:

  • 1/4 Elsker Pink Dry Gin
  • 3/4 ingefærøl – Vi liker godt Fever-Tree Ginger Beer
  • Halvfrosne skogsbær
  • Lime
  • Isbiter

Hell i gin, mos bæra litt i glaset, skvis over lime, hell i ingefærøl og ha i isbiter. Ein frisk dessert eller nydeleg nightcap!

Keep em’ coming.

Du kan lese meir om Elsker Dry Pink Gin (og anna gin) på sida AltOmGin.no .

Den fyrste vi laga var så god at vi gløymde å ta bilete, måtte difor lage ein til..
Eller kva med Elsker med lime, tonic, agurk og grovmalt pepper? Mmm!

Du vil kanskje også like...