Friskt og digg!

Desse kan fyllast med akkurat det du vil, men her er vår “standard”-oppskrift. I tillegg til dette kan du ha i reker, krabbe, div kjøtt…

Ingredienser til ruller:

  • 2 rispapir
  • Nokre blader spinat
  • 0,5 gulrot
  • 2 vårløk
  • Spirer, til dømes brokkoli/redikkspirer er veldig godt i.
  • 5 cashewnøtter
  • Liten bunt risnudler
  • Koriander eller perilla

Saus: Sweet chili saus er godt til eller du kan koke sammen 1 dl vatn, 2 ss hoisinsaus og 1 ss peanøttsaus / litt tahini. Lager ofte i større porsjon og har i kjøleskapet. Ein rask og sunn lunsj!

Pleier å lage veganske, men av og til bruker vi kylling i. Kutter då kyllingfilet i terningar, steiker i smør og blander i litt hoisinsaus på slutten.

Når dei skal rullast syns eg det er greit å bløyte rispapiret i ikkje alt for varmt vatn – er vatnet for varmt klumper papiret seg og limer seg sammen og er det for kaldt blir ikkje papiret mjukt nok. Foretrekker å legge arket med spiss mot magen også legge fyllet på tvers. Tek inn sidene først før eg ruller saman. Om det berre er til ein lager eg gjerne to og rydder bort, er vi mange dekkast det på som til taco med panne med varmt vatn i midten. Sosialt og koselig måltid. Alle kan fylle på med det dei liker.

PS! Bønnespirer kan erstatte nudler, det blir knasende godt og ekstra sunt.

Du vil kanskje også like...