Mange ostekaker kan verta for søte. Vi syns denne har funne balansen. Frisk og deilig ostekake!
Ingredienser:
- 225 g Digestive kjeks (glutenfri)
- 125 g smør
- 200-250 g Philadelphia naturell
- 100 g melis
- 1 ts vaniljesukker
- 1 beger lettrømme/drømmelett
- 1/4 L kremfløte
- 1 pk gelé – her er det brukt bringebær-gelè
- 2,5 dl kokande vatn til gelé
- Ev. også 1 pk. gelé til gelelokk, om du ønsker det.
Slik gjer du:
(Obs! Skal stå over natta!)
Knus kjeksen til smular. Ein kan bruke food processor, men kan også puttast i pose og bankast til smular. Smelt smøret og bland det i kjekssmulane.
Sett kakeform-ringen på eit serveringsfat og fordel kjeksblandinga på bunnen. Tett godt langs kantane. Sett til kjøling i kjøleskapet.
Lag gele med 2,5 dl vatn, halvparten av væska på pakkeanvisinga, og la den kjøle seg ned.
Bland Philadelphia, melis, vaniljesukker og rømme. Stivpisk kremfløten bland den inn med osteblandinga. Hell også i gelèen forsiktig – tynn stråle. Rør godt.
Hell blandinga over kjeksen i forma og sett i kjøleskapet over natta.
Skjær forsiktig langs kanten for å løyse forma. Pynt med det du vil!
Vi har brukt rips og jordbær, ein kan også lage med gelèlokk.
Hilde laga ei nydeleg ostekake med gelélokk, sjokolade og bær -og vi fekk låne bilete!
Vil du ha på eit gelélokk gjer du slik:
Lokk: 1 pk gelépulver 2,5 dl kokende vann (her er det brukt bringebærgelé)
Løys opp gelépulveret i kokande vatn. Avkjøl til den er kald, men fortsatt flytende. Hell i forma og sett kaka tilbake i kjøleskapet til gelélokket har stivna.
Ser fantastisk ut!!