Frappé

Frappé gir feriefølelse!

Frappé kom til i 1957 i Thessaloniki ved eit heller tilfeldig eksperiment. I følge wikipedia var Dimitris Vakondios på jobb på ei messe og skulle lage seg ein kopp pulverkaffi. Då han ikkje fekk tak i varmt vatn prøvde han å ta kaffipulver, vatn og isbiter i ein shaker. Han vart nok begeistra, for ideen vart vidareutvikla og er i dag ein svært populær drikk du finn på alle kaféar i Hellas.

Ingredienser:

  • 2 ts kaffepulver
  • 2 ts sukker (medium søt)
  • Ein neve isbiter
  • 100 ml vatn
  • Valgfri skvett med melk/kondensert melk

Slik gjer du:

Ta 10 ml vatn, kaffipulver og sukker i eit glas. Eg har ein skummer, elektrisk minivisp, eg kjøpte med meg frå Hellas som eg bruker til å skumme det opp. Har du ikkje det kan du ha det i elt glas med lokk og riste kraftig.

Det blir eit tjukt lyst skum.

Ha i isbiter. Hell over resten av vatnet. Rør godt. Om du vil kan du helle i ein skvett melk til slutt. Tradisjonelt brukast kondensert melk, men det går fint med vanleg melk.

Drikk med sugerør – helst eit du kan bruke om att og om att!