Grillmat Tapas Vegetar

Fylte Paprika på Grillen

Søt paprika fylt med fetaost, chili og urter. Yum!

Ingredienser:

  • 2 søte paprika
  • 200 g fetaost
  • Ein neve fersk finhakka spinat/ruccula
  • 3 fed kvitløk
  • 1 ss olivenolje
  • 1 rød chili
  • Eit par duskar persille eller anna urt.

Slik gjer du:

Finhakk spinat, chili, persille og kvitløk. Bland det i fetaosten og rør det saman til ei smørje. Skjer av toppen på paprikaen og fjern frø. Fyll så fetaostblandinga i paprikaen, om du har t.d. ei skei med langt handtak er den super til denne jobben. Går og an (som på bilete) å lage eit snitt nedover paprikaen. Pakk så paprikaene i aluminiumsfolie og legge dei på grillen i ca 10 min. Ta av og la kvile eit par minutt.

Deilig som tilbehør og i seg sjølv!

Du vil kanskje også like...