Verdensbeste.no
Bestens BesteFiskSjømatverdens beste

Bestens Beste: Varmrøykt Makrell

På seinsommaren kan det vera nokre er lei både grilla makrell og gresk makrell. Likevel er det gjerne kun makrell som biter på når du slenger ut snøret.

Heitt tips frå Besten er Varmrøykt Makrell!

Du treng noko å røyke makrellen i, t.d. ein kulegrill.

Besten bruker ein halv vatmtvatnstank med lokk og ein gassbrennar.

  • Makrell
  • Olivenolje
  • Malt
  • Sitronpepper
  • Pepper
  • Sitronmelisse – om du vil/har

Slik gjer du:

1. Fiska og filetera makrell.

2. Pensla begge sider med olivenolje. Dryss så salt, pepper og sitronpepper på kjøttsida.

3. Klipp fint brakebar og ha i ei panne, fyll på med løvtrespon. 

4. Sett panna på gassbrennar i lukka rom (men det må vera tilgang for litt luft.)

5. Legg dei krydra filetene på rist som vert sett inn i varmrøykeriet minst 20 cm over panna. Her har vi også lagt over sitronmelisse.

6. Legg lokk over røykeriet.

7. Røykinga føregår i 20 – 30 minutter alt etter kva varme som vert oppnådd. Ferdige når fargen på filetene er gyllenbrun.

8. Bruk hanskar (stor varme!) når den varmrøykte makrellen skal ut – panne fjernast og gassbrennar sløkkast.

9. Server gjerne med flatbrød og salat, varmrøykt makrell er også godt på skiva!

PS! Hugs å tørke fiskefeitt av gassbrennaren!