Drink Drinkmaster André Frukt og bær verdens beste

Drinkmaster André: Clover Club Cocktail

Wow! Bare.. Wow! Drinkmaster André sin beste hittil!

Clover Club er ein drink med lang historie, den vart til før forbudstida i USA og er oppkalla etter ein Herreklubb i Philadelphia ved samme namn (Wikipedia).

Syrleg, frisk og sterk!

Ingredienser:

  • 4,5 cl Gin
  • 2 cl bringebærsirup
  • 1,5 cl sitronsaft
  • 1 cl St. Germain
  • 1 eggekvite

Ha alt i ein shaker og rist i eitt minutt. Det skummar godt så pass på å ikkje ha for mykje i shakeren om gongen. Serverast med eit skumlokk. Her var vi litt ivrig etter å smake og vart dermed litt sein med å ta bilete, men sjå den flotte fargen!

Oppskrift på bringebærsirup finn du HER. Du treng bringebær, sukker og vatn.

Du vil kanskje også like...