Verdensbeste.no
JønniKjøttkakerKlassikerMiddagNam!verdens beste

Jønnis Beste: Verdens Beste Kjøttkaker!

Jønni er ein reser på kjøkkenet og er glad i å lage kvalitetsmat, mest mogleg frå botnen av.

Fyrste oppskrifta han deler er “Jønnikaker”; Verdens beste kjøttkaker!

Ingredienser til 4 personar:

Kjøttkaker:

  • 400 g kjøttdeig av okse
  • 400 g kjøttdeig av svin
  • 2 eggeplommer
  • 0,5 ts rive muskattnøtt
  • 1 gul løk
  • 2 ss yoghurt naturell
  • Salt og pepper
  • 1 ss olivenolje til steiking
  • 1 ss smør til steiking

Saus:

  • 0,5 L oksekraft
  • 2 ss smør
  • 1-2 ss kveitemjøl
  • 2 fed kvitløk
  • Eit par dråpar sukkerkulør
  • 1 dl vatn

Slik gjer du:

Ha kjøttdeigane i ein bolle. Pisk eggeplommene sammen og finhakk løken. Ha dette i kjøttdeigen. Tilsett så yoghurt, muskatnøtt og salt og pepper. Bruk ei sleiv og bland det til ein jevn deig.

Ta ei spiseskei i ein kopp med lunka vatn og form ei og ei kjøttkake. Ca 6 cm diameter. Form med lett hand så dei ikkje vert for kompakte. Sett til side ca 30 min.

Kok opp krafta.

Steik kjøttkakene på litt over middels varme i smør og olivenolje. Denne blandinga gjer at smøret ikkje brenner seg så lett. Legg så kjøttkakene i den oppkokte krafta. Skru ned varmen og la putre. Ikkje helle ut skyen frå steikepanna!

Hakk opp kvitløken og ha denne i steikepanna – forsiktig så den ikkje svir seg. Ha i 1 dl vatn og kok ut av steikepanna. Dette gir masse smak! Hell så dette over i krafta med kjøttkakene. La det putre i ca 30 min – skal ikkje koke!

Ta kjøttkakene ut av krafta og legg dei til side på eit fat. Finn ei ny panne og smelt/brun smøret. Ha i mjøl og rør saman ei jamring med visp. K lumpefritt! Hell i krafta medan du rører. Kok opp for å bli kvitt mjølsmaken og ha i eit par dråper sukkerkulør til du syns sausen får riktig farge. Ha kjøttkakene tilbake i sausen og gi dei tid til å bli varme i sausen.

Server med det du vil! Jønni serverer med potet, gulrot og tyttebær.