Har du mørke overmodne rips hengande att i hagen? Litt sorry greier? Make it merry! Lag rips-likør!

(Eller du kan lage ripsgelè!)

Du treng eit stort glass med lokk, norgesglass eller anna stort glass med lokk. Rips, sukker og alkoholsterk vodka. Vi brukte omlag 1,5 L godt modne rips, ei halvflaske av Polets Seksti og 0,5 kg sukker i 1,5 L glass.

Ha bæra over på glasset. Fyll heilt opp. Ha så på sukker, rist det nedi og fyll på til det ikkje går an å få på meir. Hell så roleg over vodkaen stopp når det er fullt att.

Vend to gonger om dagen til sukkeret er heilt oppløyst, og vend så to gonger i veka etter det. Lat stå iallafall to mnd. Kan fint stå fire – så er det klart til jol!

Sil likøren over på passande flaske eller karaffel. Viktig å fjerne bæra då det kan danne seg blåsyre i ripskjernene.

God å servere gjester, blande i drinkar og fin å gje bort i gåve!

Kan ikkje gå gale!

Du vil kanskje også like...