Så godt at du bør lage masse og invitere naboane!

Ingredienser til 4 personer:

  • 250 tagliatelle pasta (Vi brukte Jacobs sin Tagliatelle med trøffel)
  • 1 pose blåskjell
  • 2,5 dl hardangersider/kvitvin
  • 1 ss smør
  • 1 ss olje
  • To båtar sitron
  • 1 dl fløte
  • 550 g (upilla) reker
  • Ein neve persille
  • Ein neve oregano
  • 2 gulrøtter
  • 1 gul paprika
  • 1 gul løk
  • 4 fed kvitløk
  • 1 rød chili
  • 50 g parmesan
  • Salt og pepper
  • 1 ts rive muskatnøtt

Slik gjer du:

Sjekk blåskjella, om du er usikker på korleis kan du lese det HER. Finhakk grønnsaker og urter og rasp parmesan. Pill rekene.

Surr løken blank i smør og olje. Hell over sideren, kok opp. Ha i blåskjella og damp dei under lokk til alle er opna – ca 5 min. Ta ut alle blåskjella – kast dei som ikkje har opna seg. Fortsett å redusere krafta litt- kok den ei stund til. Ta ut innmaten av blåskjella og skvis over ca to båtar sitron og ha i den finhakka kvitløken. Sett dette til side.

Ha muskatnøtt, chili og gulrøttene i krafta. La dette koke saman eit par minutt. Skru ned varmen litt og ha i fløten. La dette trekke ei lita stund. Ta det så av varmen. Tilsett resten av grønnsakene og urtene.

Kok pastaen etter anvisning på pakken. Ha pastaen over i ei lett oppvarma jerngryte med ein slant olje i. Hell over sausen og ha i blåskjella og rekene. Bland godt saman medan du strør parmesanen over.

Server gjerne med ruccula. Nyt!

Du vil kanskje også like...