Vi har laga viltgryte med Hardangersider, skogssopp og rognebærgelé.
Ingredienser til 6 personar:
- 800 g reinskav eller anna viltkjøtt
- 400 g fersk skogssopp (ev. bruke tørka sopp)
- 2 grovhakka gule løk
- Ca 100 g smør til steiking
- Ein liten neve einebær
- 5 dl Hardangersider (kan og bruke anna vin)
- 6 fed finhakka kvitløk
- 1 ts cayennepepper
- 2 ts paprikakrydder
- 2 ss pepper
- Smak til med salt
- 2 kvistar fersk rosmarin
- 3 dl fløte
- 0,5 terning oksekraft
- 1 ss rognebærgelé eller tyttebærsyltetøy
- 2 blomkål
- 12 poteter
Slik gjer du:
- Steik kjøttet i ei steikepanne. Det må steikast i fliere porsjonar slik at det ikkje blir kokt. Ha det over i ei jerngryte.
- Brun løken og steik den ferske soppen i steikepanna. Ha sopp og løk over i jerngryta.
- Knus einebær i ein morter og ha desse i jerngryta saman med finhakka kvitløk.
- Kok ut av steikepanna med Hardangersideren og ha i kraftbujong. Vi brukte eit halvt beger Knorr beef fond. Legg i rosmarinen og la dette koke inn for å få med all smaken fra steikepanna.
- Hell krafta over i jerngryta, ha i krydder, eit par dråpar sukkerkulør, ei spiseskei rognebærgelé (eller tyttebærsyltetøy) og hell fløten over. Bruker du tørka sopp har du den rett i gryta no.
- La gryta småputre under lokk i 40 minutt.
- Server gjerne med blomkål, melne poteter, ein lett salat og rognebærgelé. Oppskrift på rognebærgelè finn du HER.