Verdensbeste.no
Sjømatverdens beste

Krabberisotto

Ein deilig rett i seg sjølv eller som tilbehør. Vi hadde denne til grilla hummar med urtesmør og mørk rom.

Ingredienser til 4 personar:

Til oppskrifta treng du to medium krabbar.

  • 350 g risottoris
  • 8 dl krabbekraft (kokt på hus og bein)
  • Krabbekjøtt fra klørne
  • 1 gul løk
  • 1 finhakka gulrot
  • 2-3 dl tørr kvitvin
  • 4 fed kvitløk
  • 60 g parmesan i terningar
  • 30 g godt salt smør
  • Ein god neve finhakka persille

Slik gjer du:

Blank løken i jerngryte. Ha i gulrot og kvitløk. Ha så i risen. Surr dette på medium varme eit par minutt. Hell så i 2/3 av krafta. La dette koke til ein “graut” og spe på med kraft og vin til risen er ferdig. Skal vera litt al dente. Når risen er klar har du i smør, parmesan, persille og krabbekjøttet. Sett dette under lokk på svak varme eit par minutt.

Rør om og server!