Middag verdens beste

Sprøstekt kylling med sitron!

Dette er ei av våre favoritt kyllingoppskrifter og vi har fått den hjå ei god venninne, Mădălina. Sprø ovnsbakte kyllinglår. Så enkelt og sååå godt!

Ingredienser til 2:

  • 2 kyllinglår, eller kyllingbryst med skinn.
  • Olivenolje (ev. anna matolje)
  • salt og pepper
  • Litt sitron

Slik gjer du:

Sett ovnen på 180 grader. Gni kyllinglåra inn med olivenolje, salt og pepper og ha dei i ei ildfast form. Om du vil kan du også skvise over litt sitron. Ha i bittelitt vatn i forma. Ikke for mykje, kyllinglåra skal ikkje koke.

Sett i ovnen i ca 20-30 min (kjem an på storleiken). Stikk så hol i i skinnet med ein gaffel slik at krafta pipler ut, skinnet er no litt «stramt». La dei stå i ca 20 min til. Skru så opp varmen til 220 grader og la dei bli sprø i overflata før du tek dei ut. Ca 8-10 minutt.

Vi pleier å servere desse med «pimpa ris», til dømes koriander- og kvitløksris. Anbefalast!

Du vil kanskje også like...