Verdensbeste.no
FiskNam!verdens beste

Bestos Beste: Bakt Torsk

Torsk er ei fantastisk råvare. Ved å tilberede torsken på denne måten får du faste fine stykke og ein nydeleg smak.

Ingredienser:

  • Torsk
  • 1 sitron per kilo fisk
  • 1 ss salt per kilo fisk

Slik gjer du

  1. Sett steikeovnen på 200℃.
  2. Skjer torsken opp i passelege stykke, 4-6 cm høge.
  3. Legg desse i ei ildfast form.
  4. Skvis over sitronsaft
  5. Strø eit jamnt lag med salt over fisken
  6. Dekk forma med folie
  7. Sett i ovnen og lat stå til fisken løyser beina, ca 20-30 minutt.
  8. Ta torsken ut av ovnen og aus krafta over stykka.
  9. Server torsken som den er i forma. Attåt kan du gjerne ha den syrlege, gode krafta eller smør, poteter, kokte gulrøtter, blomkål og ein dæsj sennep. Nam!

Krafta er fantastisk som base til fiskesuppe eller til dømes krabberisotto.

Fleire av Bestos Beste finn du her!