Verdensbeste.no
JønniMiddagNam!SnackVegetarverdens beste

Jønnis Beste: Vegetar Fajitas

Krydra, mettande, friskt og lett i magen! Her er ei stor oppskrift som passer til eit par familiemiddagar. Eller noko å ha i kjøleskapet om du treng enkel middag nokre dagar.

Lag gjerne denne retten kvelden før det skal serverast!

Ingredienser til ein stor batch:

  • Smør og olje
  • 1 gul paprika
  • 1 grønn paprika
  • 2 røde chili
  • 6-7 fed kvitløk
  • 1 gul løk
  • 1 ts spisskummen
  • 1 ts oregano
  • 1 ts røykt paprikakrydder
  • 1 ts knuste korianderfrø
  • 1 boks knuste tomater
  • 0,5 liter grønnsakskraft (ev. oksekraft)
  • 1 boks kvite bønner
  • 1 boks kidney bønner
  • 1 boks rømme
  • 1 agurk
  • Fajitas lefser – vi liker godt rema1000 sine små.

Slik gjer du:

Hakk opp paprika, chili, kvitløk og løk. Surr dette så i smør og olje. Tilsett krydderet. Ha i tomater og kraft. Kok opp fort og skru ned varmen.

Kok det “tørt” – til det blir ein tjukk graut. Dette tek ca ein times tid. Viktig at ikkje det svir seg, så pass på varmen.

Ha i bønnene til slutt. Vend dei forsiktig inn slik at dei ikkje knusast.

Server i lefse med agurk og rømme. Nydeleg samme dag og endå meir nydeleg oppvarma dagen etter.