Vi er så heldige å ha fått dele ei gamal oppskrift på heimelaga potetkaker, Laurines potetkaker! Takk Maren!
Kjempegode til mykje. Til hakkasteik eller som i familien til Laurine der dei vert dei ete til hummar på juleaften!
Ingredienser:
- Poteter
- Mjølk
- Kveitemjøl
Slik gjer du:
- Kok poteter i 30 minutt.
- Sil av vatnet og sett potetene til kjøling.
- Skrell potetene når dei er kalde og mos dei for hånd, med stavmiksar eller i food processor.
- Kna potetdeigen godt saman slik at den vert mjuk og fin.
- Bland i ein skvett mjølk og kveitemjøl – her kan du også ha ei klype salt i om du vil.
- Del deigen i emner og kjevl ut. Bruk godt med kveitemjøl til utkjevlinga.
- Steik på takke eller tørr steikepanne til dei er brunflekkete.
Nam!