Verdens beste brownies med salt karamell!
Obs! Må lagast dagen før servering!
Sjokoladebrownies:
- 275 g smør
- 200 g 70% mørk sjokolade
- 4 egg
- 500 g sukker
- 40 g kakao
- 250 g kveitemjøl
- 200 g lys kokesjokolade
Salt karamell:
- 300 g sukker
- 3 ss vatn
- 3 dl kremfløte
- 125 g smør
- 0,5 ts maldonsalt
Brownies:
Sett ovnen på 175℃.
- Smelt smøret i ei panne.
- Hakk 125 g av 70 % sjokoladen og smelt saman med smøret. Rør så det blander seg godt.
- Visp egga forsiktig saman med sukker i ein bolle – det skal ikkje bli eggedosis. Hell smør/sjokoladeblandinga over i bollen.
- Bland kakao og mjøl og sikt dette inn i røra. Pass på så det ikkje klumper seg!
- Hell deigen ut over ei langpanne med bakepapir.
- Sett kaka i omnen og steik i 30-35 min. Vi likar soggy brownies, steik lenger om du likar tørrare.
Salt karamell:
- Ha sukker og vatn i jernpanne eller anna tjukkbunna panne. La blandinga varme seg opp i fred på medium varme – ikkje rør!
- Del opp smøret i terningar.
- Finn ei ny panne og kok opp kremfløte i den. Hell så den varme fløten i blandinga litt og litt. Vær forsiktig. Rør godt og la karamellen koke i 5-7 minutter medan du rører jevnt.
- Kjøl ned og sett i kjøleskapet til dagen etter.
- Ha dei ståande på benken eit par timar før du smører karamellen på. Knus litt maldon salt over, pynt gjerne med bær om du har. Nøtter er også godt!
- Del i små bitar, for dette er perfekt konfekt!