Verdensbeste.no
AsiatiskSnackverdens beste

Nước Mắm Đường – Søt Fiskesaus-dip med Mango

Smaken av Asia! Dette tipset fekk vi på den fantastiske asiatiske matvarehandelen Bep 250 i Blomsterdalen. Alltid godt vareutval og alltid fantastisk service – som til dømes gode oppskrifter. Bergens beste asiatiske matvarehandel? We Think So!

Mango med Nước Mắm Đường (Nouc Mam Doung) er ein smakfull og spanande snack om du til dømes er litt “fysen” på kvelden – eller om du vil imponere med noko litt utanom det vanlege når du skal ha gjester.

Ingredienser:

  • 2 ss asiatisk fiskesaus
  • 4 ts sukker
  • Omlag 1/2 rød chili
  • 1 ts heil svart pepper
  • Mango, gjerne grønn asiatisk mango (bilete) som er litt mindre søt og fastare i konsistensen.

Slik gjer du:

Ha fiskesausen i ei skål og bland i sukkeret. Det blir ein litt tjukk konsistens. Del chilien opp og skvis den, enten i morter eller berre under skeia. Knus også pepperkorna på same måte. Ha chili og pepper i sausen. Bruk ein skrellar og slice den opp i tynne skiver. Du kan også ete mangoen med med skal, vask den då godt.

Vi har også fått oppskrift på ein fantastisk Rød Curry på Bep 250. Den smakar akkurat som på restaurant! Oppskrifta fin du HER!