Bake deilige, saftige, greske feta bollar heime, på tur eller kanskje i båten?
Vi har ei snekke frå 1984 som vi er svært glade i å bruke. Med eitt bluss blir båtmaten etter vår erfaring enten veldig kreativ eller veldig lite kreativ. Oftast lite kreativ, blir mykje pølsegrilling. For å auke sjansane for litt nye påfunn kjøpte vi oss omniaovn til båten. Omniaovnen kan også puttast i sekken og tas med på tur. So far, so very good!! Vi er imponerte!
Ingredisensar:
- ca 500 g kveitemjøl
- 8 g tørrgjær (1 pose er 13 g)
- 3 dl lunka vatn
- 1 ts salt
- 2 ss olivenolje
- 10 kalamata oliven
- 250 g fetaost
- Urter om du har og vil!
Slik gjer du:
- Fjern stein frå olivenane og kutt dei i passlege bitar.
- Ta alt det tørre i ein bolle og ha så i lunka vatn og olivenolje. Smuldre i fetaosten og kna denne godt inni. Kna i ca 8-10 minutt. Så hiver du i dei hakka olivenane og knar litt til, til dei er fordelt nokolunde jamnt. Dekk til og la deigen heve seg til dobbel storleik.
- Om du skal bruke steikeovnen, sett den no på 200℃. Rull så ut bollane (eller form til brød) og la dei etterheve i 30 min.
- I steikeovn: Midterste rille i 10-12 minutter. Former du som brød, steik i 40-50 minutt. I omniaovn: Lågaste varme i 50-60 minutt.
NAM!