Besto seier norsk lammekjøt er sunt og berekraftig og fortener all merksemd det kan få. Ho har prøvd, og forenkla litt, denne 2000 år gamle romerske retten som NRK har formidla, og seier: Gå til grytene, folkens!

Lam i løk til 6-8 personar:

Legg i gryta:

ca 1 kg lammekjøt i terningar

3 gule hakka lauk (gjerne fleire om du er glad i løk)

1 bunt frisk koriander – hakka

4 stilkar frisk løpstikke – hakka

(ta av litt urter til garnityr)

Rør saman og bland i gryta:

3-4 fedd kvitlauk – pressa i kvitlaukspressa

1 ss svart pepar

2 ts spisskummen

1 ss fiskesaus

1 dl olivenolje

Hell så på 4 dl eplesider, ha i litt salt og kok raskt opp. Skum av, skru ned varmen og lat gryta trekka i 3 timar. Smak til med litt meir fiskesaus eller salt, strø litt finhakka urter over og server.

Romarane åt brød til lam-i-løk (– dei hadde jo ikkje poteter!). Besto held på skrelte og kokte poteter til gryta. Peik-poteter er toppen!

Synest du det trengst jamning, kan du bruka maisenna utrørt i litt kaldt vatn. Berto syntest gryta kunne trenga litt speing og hadde i litt av potetkrafta. 

Og forresten: Besto seier trur at får-i-løk er like godt som lam-i-løk!

Du vil kanskje også like...