Sankthans er over og du går med tunge tankar? Tenker kanskje at du fakerten var for sein med å bruke rabarbraen i år også?
Det er du ikkje!
Like god gjennom heile sommaren – til og med på hausten om du får den til å gro.
Her er oppskrift på ein deilig og ganske enkel smuldrepai med peanøtter. Bare digg!
Ingredienser:
Rabarbrafyll
- 500 g rabarbra
- 2 dl sukker
- 2 ss potetmel
Smuldredeig
- 2 dl hvetemel
- 2 ss sukker
- ½ ts bakepulver
- 100 g smør
- 1 dl hakka usalta peanøtter
Slik gjer du:
- Sett ovnen på 225*
- Smuldre sammen mjøl, sukker, bakepulver og smør til ein kornete masse. Ha i dei hakka peanøttene til slutt.
- Skyll rabarbrastilkene og skjær av blad og rot. Skrell rabarbraen om nødvendig.
- Kutt rabarbraen opp i små biter, ca. 1 cm.
- Bland sukker og potetmel sammen med rabarbrabitene og ha alt i ei smurt ildfast form.
- Lag eit lok over rabarbraen med smuldredeigen.
- Steik i 30 min.
Eg syns det er godt med god vaniljeis til og gjerne litt mynte om du har.
Om du framleis tviler på om du kan bruke rabarbraen etter Sankthans kan du lese om desse rabarbraprodusentane her. Dei sendte haust-rabarbraen til analyse og fann ut den var nett det same haust som vår.