Verdensbeste.no
Frå hagenFrukt og bærsøtsakerverdens beste

Plommesyltetøy

Ein favoritt! Syrleg og søtt!

I år bugner det over av plommer på trea i hagen. Trudde vi hadde fått tynna litt, men vi har absolutt ikkje tynna nok. Dette gir oss mange, men ikkje så smakfulle plommer. Plommene eignar seg likevel heilt supert til syltetøy! Og det er så kjapt å lage!

Eg liker at syltetøyet er ganske syrlig, då er det lurt å plukke medan det ikkje er heilt modent.

Oppskrifta er enkel:

  • 1 kilo plommer
  • 1-1,5 dl vatn
  • 3 dl sukker

Fjern plommestein og kok opp plommene med 1-1,5 dl vatn per kilo.

Ha i sukker litt og litt, 3 dl sukker per kilo plommer.

Kok opp og la koke i 5-10 min – eller til du syns plommesyltetøyet har passeleg konsistens. Eg likar plommesyltetøyet litt rennande med store plommebitar, andre vil ha fastare syltetøy og ein må då i såfall koke ut ein del væske. Hell over på reine, varme glass.

Eg lagar berre med sukker. Har noko på glass og frys noko av det ned i plastbeger. Det går også an å lage med syltepulver, då er du sikker på at det held det seg utan å frysast. Syltetøyet blir også tjukkere ved bruk av syltepulver.

Plommesyltetøy er deilig på skiva, på is og min favoritt; på havregraut! Yum!

Vil du lage plommechutney med ingefær, chili og kanel?