Verdensbeste.no
Frå hagenFrukt og bærNam!søtsakerverdens beste

Ripsgelé

Ripsgelé er ein fin måte å bevare smaken av sommar gjennom vinteren. Godt å ha på skiva, til vilt og til ostefatet.

Når du skal lage ripsgelé er det lurt å vera tidleg ute med innhøstinga. I dei umodne bæra er det mykje av fortjukningsmiddelet pektin. Eg tenker 20% umodnebær når eg plukker. Pektinet gjer at rips er godt eigna til gelé. Om du er for seint ute til å plukke er det mulig å tilsette pektin. Eller du kan lage ripssaus – gjorde det eit år – ikkje heilt med vilje… Kunne ikkje fatte at det skulle så mykje sukker til. Vel vel. Ripsaus var godt på is! Overmodne bær er også perfekte å lage likør av!

Dette året plukka eg og fraus ned då eg ikkje hadde tid til å gjere noko med det med det same. Så då laga vi ripsgelé og ripslikør samme dagen. Den store ripsdagen!

Ingredienser:

  • 3 L rips
  • 1,8 kg sukker

Slik gjer du:

Eg syns det er enklast å bruke saftkoker og er så heldig at eg fekk låne. Har du ikkje saftkoker kan du følge denne oppskrifta HER.

Reinsk bæra: ta vekk smådyr, blader og stilk. Gjer ikkje all verda om det lurer seg ein stilk og to nedi, men gjer så godt du får til.

Damp bæra i saftkokaren til dei er blasse og slitne. Dette blir litt så lenge som du vil. Eg las 1-4 timar og la meg på 2 timar. Tappar av innimellom. Det er eit godt tips å tappe over i noko som har målemerker slik at du veit kor mykje du toppar. Av 3 L bær fekk eg 2 L saft.

Hadde så safta i eigna panne og kokte opp. Ein reknar 750 – 900 g sukker per liter. Eg kjørte all inn og gjekk for 900 g. Ha i sukkeret litt og litt slik at det smelter fint inn og så er det berre å la det småkoke til “gelétesten” er klar.

Gelétesten: Legg ei spiseskei med ripssaft på ein tallerken, sett den i kjøleskapet. Når det er nedkjølt dreg du ei skei gjennom. Etterlater skeia ei stripe gjennom – at det ikkje glir saman etter skeia, er den tjukk nok og kan over på glass.

Viktig å desinfisere glassa du vil bruke fyrst. Ha dei i kokande vatn og sett dei i 10 min på 100 * i ovnen til tørk.

Denne framgangsmåten kan du bruke anten du vil lage ripsgelé, stikkelsbærgelé, solbærgelé eller ei blanding av alt!