Verdensbeste.no
bakstFrukt og bærkakesøtsakerverdens beste

Borghilds Beste Eplekake

Endeleg tid for levande lys og eplekake. Det er haust!

Saftig eplekake frå Hardanger på den gode, gamle måten. Oppskrifta vi har basert oss på har vi funne i Epleboka av Astrid Grønsnes og Sara Grethe Eitrheim. Ei bok som tek for seg eple i mat, kultur og kunst. Denne oppskrifta er til mellomstor springform. Vil du lage ei eplekake i langpanne (35×40), dobler du oppskrifta.

Ingrediensar:
  • 110 g smør
  • 2 egg
  • 1 dl mjølk eller fløte
  • 2,5 dl sukker
  • 2 ts bakepulver
  • 3 dl kveitemjøl
  • 5-6 skrelte eple i båtar
  • Kanel
  • Sukker
  • Perlesukker

Sett ovnen på 180*.

Skrell og del epla i båtar og ha dei i ein pose med sukker og kanel. Rist godt. Ha i så pass at det dekker eplebåtane. La dei ligge.

Smør forma (ev. bruk bakepapir). Visp egg og sukker til eggedosis. Kok opp smør og melk og hell denne blandinga kokande i eggedosisen. Sikt inn mjøl og bakepulver. Slå deigen i forma og legg eplebåtane i mønster oppå deigen. Strø med kanel og perlesukker.

Ta vare på juicen som er att i epleposen. Denne kan du enten helle over kaka før du setter den i ovnen eller ha på isen når du serverer kaka.

Steik på midterste rille i ca 40 min.

Server med is, krem eller vaniljesaus og har du litt mynte er det godt til. Nyt!