Ertesuppe med Mynte!

Enkelt, billig, sunt, friskt og deilig! Supper er perfekt kveldsmat og lett middag!

Ingrediensar for 4 pers:

  • 2 store sjalottløk
  • 1 ss smør eller olje
  • 800 g frosne erter
  • Ein god neve fersk mynte
  • 1 L vatn
  • 1 buljongterning
  • 2 ss crème fraîche
  • Bacon/Chorizo/Pancetta eller rista nøtter/kjerner

Slik gjer du:

  1. Kok opp 1 L vatn i ei panne, ha i buljongterningen. Sett bort.
  2. Hakk opp sjalottløk og surr i smør/olje.
  3. Hell i litt av krafta.
  4. Hiv i ertene og la dei tine i krafta.
  5. Mos med stavmiksar eller stappereiskap.
  6. Hell i meir kraft til du syns det er passeleg konsistens. Eg syns 1 L er bra.
  7. Ha i 2 ss Crème fraîche. Rør godt rundt. Skru ned varmen og la putre.
  8. Steik oppkutta bacon/chorizo/pancetta.
  9. Server med ein klatt Crème Fraîche og bacon/chorizo/pancetta og litt frisk mynte.

Det er også godt med varme rundstykker og kvitløkssmør til!