Dette har vi aldri laga før! Vi vart svært begeistra og vil lage meir!
Tok utgangspunkt i heilt straight gelé, klassisk oppskrift. Saftkokar funka supert til dette også.
Ingredienser til ca 6 dl gelè:
- 1 kg rognbær
- 5-7,5 dl sukker
- 6 små umodne epler i bitar
- 0,5 dl cognac – om du vil.
Slik gjer du:
Reinsk rognebæra. Fjern blader og ev. skit, lurt å plukke ved tørt vær. Å reinske våte bær tok nok unødvendig lang tid då alt klistra seg, men så bur vi jo i Bergen. For at rognebæra skal bli mindre bitre er det lurt å fryse dei ned før du tek dei i bruk, men dette er litt smak og behag. Vi hadde dei i frysen over natta.
Del opp epla og fjern kjernehusa. Det er lurt å bruke umodne epler då dei har mykje pektin. Om du ikkje har tilgang på umodne epler, eller rognebæra er godt modne kan du tilsette pektin i pulverform.
Hiv rognebær og eplebitane (fjern kjernehus) i saftkokaren. Kok til bæra har plaffa saman, ca 1,2-2 timar. Eg fekk 7,5 dl saft som eg kokte opp og hadde litt og litt sukker i. I følge oppskrifta eg hadde skal det vera 1:1 med sukker, men eg trur at eg neste gong kjem til å bruke mindre enn det. Tenker det hadde holdt med 5 dl sukker. Kokte i ca 1 time til og sjekka om det var ferdig ved å ta geletsten. Ta ei skei med gele på ein lys tallerken og sett til kjøling i kjøleskapet. Når du kan dra skeia gjennom og det etterlater seg ei stripe – at det ikke glir saman att, er geléen ferdig. Ha over i reine, varme glas.
Eg hadde litt cognac i eine gelèglaset mitt. Det vart veldig godt og passa ypperleg til vilgryta! Oppskrift HER.
Rognebærgelè vil vi gjerne lage meir av. Det finst ulike oppskrifter med kanelstenger, japansk kvede, akevitt? Vi er svært nyfikne på kva ditt beste tips er og håpar du vil dele det med oss i kommentarfeltet!