Verdensbeste.no
Sjømatverdens beste

Grilla Hummar med Urtesmør og Mørk Rom

1. oktober opna hummarfisket. Noko av det beste ved hausten, synest vi!

Etter å ha spist grilla hummar for nokre år sidan, har dette vore ein rett vi har sett fram til å lage. Denne gongen har vi laga den med rom, ein kan også bruke cognac. Heilt nydeleg. Smaken klørne får av grillinga er heilt ubeskriveleg. Sjø og kol. Det er heilt vilt.

Åtvaring: Du kjem til å drømme om den etterpå! For alltid.

Ingredienser til 2 personer:

Hummar:

  • 2 hummarar
  • 100 g smør
  • 2 ss olivenolje
  • 4 fed finhakka kvitløk
  • Ein liten neve finhakka gressløk
  • Ein liten neve finhakka persille
  • 1 finhakka rød chili
  • Ein skvis sitron
  • Salt og pepper
  • 2 ss mørk rom

Slik gjer du:

Kok hummaren i kun to minutter. Legg rask til kjøling i kaldt vatn og ha i kjøleskapet fram til bruk.

Bland alle øvrige ingrediensar saman til eit godt blanda urtesmør.

Del hummaren i to. Fjern paven.

Ha smøret over på dei halve halane. Om du skal ha noko tilbehør kan du lage til dette no. Vi laga krabberisotto.

Grillinga blir best på kol. Høg temperatur. Lag gjerne til ei “kald sone” på eine sida av grillen. Legg klørne på grillen fyrst, la dei ligge 5-10 minutter. Snu og vend undervegs. Legg desse over på kald sone.

Legg halane på grillen og dekk med aluminiumsfolie. Grill dei i 5-10 min. Til dei ser ferdige ut. Ha klørne nett på varmen igjen like før servering.

Server med det du vil. Vi hadde grilla chili (smurt i olivenolje) og som nemt krabberisotto til. Heilt freaking nydelig!