Verdensbeste.no
bakstNam!verdens beste

Skillingsbollar / Kanelbollar !

4. oktober er kanelbollens dag, eller skillingsbollens dag som vi seier i Bergen. Bergens nasjonalbolle! 😎

Her er ei ganske enkel oppskrift. Eg elsker gjærbakst! Diverre er eg ikkje spesielt glad i å bake eller god til det, men denne fekk eg til!

Ingrediensar til ca 16 boller:

  • 5 dl melk
  • 150 g smør
  • 125 g melis
  • 1 pk gjær
  • 2 ts vaniljesukker
  • 750 g kveitemjøl
  • Smør
  • Sukker
  • Kanel
  • Egg til pensling
  • Valfritt: Perlesukker

Slik gjer du:

  1. Kok opp smør, mjølk og melis.
  2. Avkjøl til ca 37 grader.
  3. Smuldre opp og bland i gjæren.
  4. Ha så i det tørre.
  5. Kjevle ut ei firkanta flate. Ha på smør, sukker og kanel. Strø jamnt.
  6. Hev i ca 1 time, til dobbel størrelse.
  7. Pensle med egg og dryss gjerne over sukker eller perlesukker.
  8. Steik på 200℃ i 7-8 minutt
  9. Spis!