Kjøttbollar i Grønn Salsa/ Albondigas en Salsa Verde!

Foto: Edward Howell via Unsplash.com

Vi elsker å oppdage ny mat! Salsa Verde er kome i butikkane, men visste du at Salsa Verde også kan serverast varm med kjøttbollar?

Salsa verde er basert på tomatillos, som er i slekt med tomater – men ikkje det same.

Våre kjære, kreative venner Adolfito og Marion kom på besøk, laga ein megagod middag og har raust delt familieoppskrifta til Adolfito si bestemor med oss! Ekte meksikansk gryte! Restane blir også til ein skikkelig bra «dagen derpå»-frukost!

Grønn Salsa til kjøttboller

Ingredienser for 4 personar:

  • 500 g Tomatillo (1 boks hermetiserte)
  • 1/2 løk, rød eller gul.
  • 1 fed kvitløk
  • 1 grein koriander
  • 1 jalapeno – uten frø og stengel
  • Spisskumin
  • 3 salatblader
  • 3 kokte poteter i terningar
  • Nøytral matolje

Denne salsaen er så god at vi brukar å doble denne oppskrifta. I Norge er jalapeños’en ofte mildare enn i Mexico så greit å ta nokre ekstra!

Denne oppskrifta er også super servert kald (då minus poteter og matolje) som dip til f.eks nachos eller tortilla chips. Det er mykje pektin i tomatillos så den kan stivne litt, men det er berre å røre.

Slik gjer du:

Svi tomatillos, løk, jalapeños og kvitløk lett i ei tørr steikepanne.

Ha i dei småsvidde grønsakene i ein kjele med olje. Mos jevnt med stavmixer. Ha i ei klype spiskumin og riv oppi 3 salatblader. Kok opp og skru ned varmen. Ha tilslutt i potetene, finhakka koriander og kjøttbollane.

Kjøttbollar

Ingredienser til 4 personar:

  • 1 kg kjøttdeig, 50/50 svin og storfe
  • 1 ts salt
  • 2,5 dl griljermel
  • 1,5 dl melk
  • 1 egg
  • Ev. 4 kokte egg eller rosiner ved utrulling
  • Smør/Olje til steiking

Slik gjer du:

Kna saman alt til ein god deig. Så kan du rulle til kjøttbollar. Vi fekk servert med eit kvart egg i midten. Det var utruleg godt! Då lager ein til halve kjøttbollen og legger egget i og pakker forsiktig kjøttdeig rundt. Ein kan også rulle inn rosiner.

Det er understreka at ein ikkje må rulle for mykje. Generelt godt livsråd.

Steik dei brune og legg i salsaen.

Server med ris, tortilla og gjerne avokado. NaM!

PSSSSSSSST!

Har du spist kjøttbollane, men framleis heart grøn salsa att kan du lage Huevos al Albanil av restene. Steik bacon og ha i den grøne salsaen saman med bønner. Lag eggerøre og server dette saman. Vi hadde også maislefser til overs og steikte desse crispy i litt olje. Mmmmm!