Verdensbeste.no
Nam!SnackVegetarverdens beste

Zombiepannekaker / Spinatpannekaker

Superfood eller kveldskos?

Begge deler!

Pannekaker er så godt og eit pannekakemåltid er nesten alltid suksess! Trur eg aldri har møtt nokon som ikkje liker pannekaker, do they exist?

Desse zombiepannekakene går ned på høgkant hjå både store og små!

  • 3 egg
  • 2 gode nevar spinat
  • 2,5-3 dl melk
  • 3 dl kveitemjøl
  • 1 ts salt
  • 1,5 dl havregryn – om du vil
  • 2 ts sukker – om du vil
  • Litt smør til steiking.

Bruk stavmiksar el.l. og lag puré av litt av melka og spinaten. Ha i egga og alt det tørre, rør det jamnt. Ha så i resten av melka og la røra svelle i 15-20 minutt. Steik opp og server! Godt med syltetøy og brunost!

(Og gidder du ikkje steike pannekaker hiver du i ekstra mjøl og ei ts bakepulver så har du grønn vaffelrøre!)

“Smaker som snop!” sa alle ungane.

Spinatpannekaker blir heftig grønn!

Sjølvsagt kan ein prøve det samme med lapper!

Nei, no fekk eg lyst å sjå skipper’n!

PS! Desse er megabra til sultne udyr på Halloween! HER kan du sjå gresskaroppskrifter også!

Sad, but true: Sommarferien er over, no kan vi glede oss til Halloween også er det brått jooool !