Bestos Beste Jul Julemat Pålegg

Bestos Beste: Leverpostei (gluten- og mjølkefri)

Heimelaga leverpostei må vera på bordet under julefrukosten. I vår familie er det også viktig at den er gluten- og mjølkefri. Det får Besto til! Lett som ein plett!

Oooog den er minst like god som leverpostei med gluten og mjølk!

Gluten- og mjølkefri leverpostei

Ingrediensar til ca ei brødform:
  • 500 g reinskoren lever av svin eller okse 
  • 300 g spekk
  • 2 ½ – 3 ss toppa ss maizenna
  • 2 dl Gryr (eller annan mjølkeerstatning)
  • 1 dl kaldt vatn  
  • 1 ½ lauk
  • 6 ansjos/12 ansjosfiletar
  • 2 ss ansjoslake
  • 2 store egg
  • 1 ½ ts salt
  • 1 ts kvit pepar
  • 1 ts malen nellik
  1. Mal spekk og lever, løk og ansjos.
  2. Kok opp Gryr. Rør maizenna inn i vatnet, hell blandinga i Gryr-gryta og kok opp. Det skal bli ein tjukk graut. 
  3. Smelt spekket i den varme maizennagrauten medan du rører. 
  4. Ta gryta av varmen. Rør inn lever, løk, ansjos, ansjoslake, salt og krydder. Rør inn egga, eitt for eitt.
  5. Steik leverposteien i vannbad i smurt brødform (1 ½ l), i små eldfaste former eller i mindre aluminiumsformer ved 160 grader i 1 ½ time. Om du vil ha brunare steikeskorpe, set du opp temperaturen dei siste ti minutta.

Fleire av Besto sine gode oppskrifter finn du her!

Du vil kanskje også like...