bakst Jul søtsaker

Verdens Beste Lussekatter

Luciadagen er koselig. Mørkt ute, julelys i i nabolaget, den fine Luciasongen og Lussekattane! Alltid svak for god gjærbakst!

Ingredienser til 20 lussekattar:

  • 5 dl H-mjølk
  • 150 g smør
  • 50 g søtgjær
  • 1 g safran (evt. 1/2 ts gurkemeie)
  • 150 g sukker
  • ½ ts salt
  • 2 ts kardemomme
  • Omlag 13 dl kveitemjøl 
Pensling og pynt:
  • 1 vispa egg
  • Ca 1 dl rosiner

Slik gjer du:

Smelt smør og tilsett mjølk. Ha i safran og lat stå. Smuldra gjæren i ein bolle og rør ut i litt av den lunkne melkeblandingen. Bland i resten av væska.

Rør i mjøl, kardemomme, salt og sukker. Kna godt, ca 10 min i kjøkkenmaskin.

La deigen heve tildekka på ein lun stad til den er dobbel størrelse. Dette tek omlag 30-45 min.

Kna deigen godt. Strø mjøl på bordet, del deigen i 20 bitar og trill dei til lange fingertjukke pølser. Form ulike lussekattar og legg dei på ei steikeplate med bakepapir. Form dei som du vil. Tradisjonelt sett med fine snurrar i ulike utgåver.

La dei heva att under eit kjøkkenhandkle eller plast i 15-20 min.

Sett steikeomnen på 250 °C.

Pensla lussekattane med egg og pynt med rosiner i snurrane.

Steik midt i ovnen i 5 – 8 minutter til de blir gylne. La dei avkjølast litt på rist før servering.

Skal du fryse dei ned legg du dei rett i frysen når dei er avkjølte. Tin i kjøleskap eller på kjøkkendisken og varm dei opp ved 175 ℃ i ein 3-4 minutter. Smakar nett som ferske att!

Vil du “turn it up a notch” kan du teste ut fantastiske Zeinas Safransboller med vaniljekrem eller Lussekattane med pepperkakefyll. Holy Moly! Ho har også mange andre spanande og gode oppskrifter!

Du vil kanskje også like...