Verdens Beste Fiskegrateng!

Faktisk!

Denne må prøvast! Så vanvittig god og noko heile familien liker. Knall i padden!

Ingredienser

  • 800 g lettsalta torsk
  • 500 g makaroni/rigatoni
  • 150 g knust kavring
  • 4 egg
  • 3 fed kvitløk
  • 3 sjalottløk
  • 6 dl mjølk
  • 4 ss smør + smør til steiking/smøring av ildfast form
  • 4-6 ss mjøl
  • 1 ss olivenolje
  • 1 ts sukker
  • 1,5 ts kvit pepper
  • 1 ts raspa muskatnøtt
  • 4 raspa gulrøtter
  • 1 brokkoli
  • 1 sitron
  • Olivenolje/smelta smør

Slik gjer du:

  1. Hakk sjalottløk og surr i smør i ei steikepanne. Ha i torsken, 1 ts sukker og 1 ts kvit pepper. Steik torsken lett på middels varme i 2-3 minutt. Skvis over ein sitronbåt.
  2. Kok makaroni/rigatoni etter anvisinga på pakken.
  3. Bechamelsaus: Smelt 4 ss smør i ei panne. Mett så smøret med mjøl, ca 4 – 6 ss. Ha i litt mjølk og rør til det er klumpefritt. Ha så i resten av mjølka og ha raspa kvitløk i. Kok opp under omrøring på middels varme. Ha i 1 ts raspa muskatnøtt, ei klype salt og 0,5 ts kvit pepper.
  4. Skill eggeplommer og eggekviter. Pisk eggekvitene til skum.
  5. Når bechamelsausen er noko avkjølt kan du røre inn eggeplommene. Viktig at sausen ikkje er for varm – då blir det eggerøre!
  6. Ha torsken i bechamelsausen.
  7. Smør ei stor ildfast form og legg makaroni/rigatoni utover i den.
  8. Hell over bechamelsausen (med torsk).
  9. Fordel eggeskummet over og vend det forsiktig inn. La det framleis ligge eit lag eggeskum på toppen.
  10. Strø kavring over.
  11. Steik i oven på 200℃ til den ser gyllen og ferdig ut, ca 25-30 minutt.
  12. Server med raspa gulrot, brokkoli, sitronskive og smelta smør/olivenolje. Vi hadde ei god olivenolje med sitron. Nydelig!