Spanakopita – Gresk pai med spinat og fetaost

Spanakopita kan etast varm eller kald. Super i matpakka!

Ingredienser til ei langpanne:

  • 200 g filodeig (er i butikkar med større utvalg)
  • 800 g frossen spinat
  • 500 g fetaost
  • 6 egg
  • 1 gul løk
  • 4 fed kvitløk
  • 1 bunt vårløk
  • 1 bunt fersk dill (1 plante)
  • 1 bunt fersk persille (1-2 planter)
  • 2 ts pepper
  • Litt revet muskatnøtt
  • Litt tørka oregano
  • Ca 2 dl olivenolje, mulig meir..

Slik gjer du:

  1. Ta opp spinaten og tin den.
  2. Ta ut filodeigen og la den romtempererast før du skal bruke den. Om du vil lage filodeigen er det ei fin oppskrift her.
  3. Sett steikeovnen på 170℃
  4. Skvis ut så mykje vatn du kan frå spinaten, bruk t.d. eit handklede, ei finmaska sil eller nevane.
  5. Finhakk løk og kvitløk,
  6. Visp/rør egga lett saman. Ikkje slik at den skummar, men slik at plomme og kvite er godt blanda. Og ha dette i ein bolle med løken og kvitløken. vend det godt saman.
  7. Kutt opp dill, vårløk og persille. Ha det i bollen.
  8. Ha i den godt drenerte spinaten.
  9. Smuldre spinaten i bollen.
  10. Ha i pepper og muskat.
  11. Vend alt godt saman.
  12. Smør ei djup langpanne godt med olivenolje.
  13. Legg filodeigen lag på lag og pensle med litt olivenolje mellom kvart lag. Bruk omslag 3/4 av deigen i botenen. Ha spinatfyllet i og spre det jamnt. Legg så siste 1/4 oppå, brett inn kantane og pensle litt ekstra olivenolje på.
  14. Steik i 60-70 min, til paien er gyllen. Pensle på olje 1-2 ggr medan den steiker.
  15. La den kvile litt. I mellomtida kan du t.d. lage ein god salat. Også godt med tzatziki til!

Lyst å lage meir gresk mat? Fleire oppskrifter HER.