Verdensbeste.no
matMiddagNam!Sjømatverdens beste

Verdens beste blåskjell

Blåskjell dampa i hardangersider. Matmaksimalisme og likevel eit billig luksusmåltid!

Ingredienser til 4 personer:

  • 2 nett med blåskjell
  • 2, 5 dl sider eller kvitvin
  • 2, 5 del kremfløte
  • 30 g parmesan
  • 1 ss smør
  • 1 ss olivenolje
  • 6 sjalottløk
  • 1 rødløk
  • 1 hel persilleplante (butikksize)
  • 10 gressløk
  • 1,5 rød chili
  • 2 paprika, rød og gul har vi brukt.
  • 5 fed kvitløk
  • 1 ss fish sauce
  • 1 ts kvit pepper
  • 1 klype salt
  • 0,5 ts malt muskat

Framgangsmåte:

Vask blåskjella i kaldt vatn. Fjern skjegg, sand og rur. Dei blåskjella som lukker seg leggast direkte i eigen bolle. Dei som ikkje lukker seg umiddelbart – men ser fine ut, leggast i eigen bolle for sjekk når ein er klar med vaskinga. Dei blåskjella som ikkje er lukka kastast. Svinn varierer. Torsdag er den beste dagen å kjøpe blåskjell då dei ofte leverast til helg.

Finhakk rødløk, sjalottløk, kvitløk, gressløk, persille, paprika og chili. Vi bruker ei pastapanne fra Ikea som har innerpanne med hol. Surr rødløk og sjalottløk i smør og olivenolje.

Hell i sideren. Vi bruker heimelaga sider til å dampe i.

Ta blåskjella i innerpanna og damp dei ved høg varme under lokk til alle skjella har opna seg. Dette tek ca 5 min.

Ta ut innerpanna med blåskjella og sett dei bort. Fortsett å koke krafta i panna slik at denne reduserast. I mellomtida ordner du med blåskjella. Ein sjelden gang er det nokre som ikkje er opne, kast i såfall desse. Resten legger du i passande serveringsbolle – vi bruker wokpanne, med opninga opp slik at dei få godt med saus i seg.

Putt kremfløte, fish sauce, alle urter, kvitløk og krydder i krafta og kok opp og la småputre i 7-8 min. Ta panna av plata og ha i parmesan. Hell over sausen jevnt slik at alle skjella får i seg.

Resten av sausen serverast ved sida av.

Vi har gjerne focaccia til, men kan også bruke ris eller pasta. Er det saus igjen etter endt måltid, ta vare på denne og lag verdens beste fiskesuppe!

Som nemnt over bruker vi heimelaga sider laga på råsaft frå Hardanger. Vi har også humla sideren vår lett. Dette gir ein liten bitterhet som vi tykkjer om. Lagar du ikkje sider sjølv anbefaler vi at du bruker Hardangersider. Hardanger er jo Norges Champagne!

Vi har ekstra hugleik for Alde, Edel og Aga Sideri.

Foto: Eline S. Vik