Verdensbeste.no
Bestos BesteFrå hagenNam!PizzaRåvarerTradisjonsmatVeganskverdens beste

Bestos Beste: Ramslaukpuré og Ramslaukpesto!

No skyt ramslauken opp, den er best om den haustast no før den blømer!

Ramslauken vekst på skuggefulle, fuktige stader med næringsrik jord, gjerne på steinete grunn i løvskog og under berg. Også luktar den løk/kvitløk. Så går du på tur i eigna område, bruk nasen!

Ramslauk er i tillegg proppa med aldehyder, mineralet, salter og vitamin C. Det seiast ar den skal vera mellom anna magestyrkande, hjelpe fordøyelsen, senke kolesterol og blodtrykk og vera bakterie- og soppdrepande. Berre å hogge innpå!

Besto har laga ramslaukpuré og deler oppskrifta. Ramslaukpuré kan brukast til dømes som dressing, på pizza, i gryter og er nydeleg i eggerøre. NRK har sju gode oppskrifter med ramslauk HER.

Ingrediensar:

400 g ramslauk – skylt og grovkutta

2 – 3 ss salt

6 dl virgin olivenolje

Slik gjer du:

Bruk stavmixar, ha puréen på reine glas og set i kjøleskåp. Ramslaukpuré held seg eit år i kjøleskåp. Ein skvett olivenolje på toppen forseglar pureen. Etter bruk supplerer eg med litt olivenolje. Luft kan forringa smaken.

Det skal lite ramslaukpuré til for å setja god smak på maten, så eg samlar små glas til dette.

Ramslaukpuré blir god pesto om du supplerer med malne pinjekjerner, valnøtter eller cashewnøtter, basilikum og litt parmesan. Pesto held seg ikkje like lenge i kjøleskåp.

Vil du lese fleire av Besto sine oppskrifter finn du dei HER!