Verdensbeste.no
bakstverdens beste

Saftige, halvgrove, rundstykker (med/utan mjølk)

Vi er i gang med å teste eit mjølkefritt kosthold. Det er ei endring. Som med mykje av endring er det vanskelig og uoversiktleg i starten, men heldigvis kom internet for å bli og dermed er læringskurven bratt!

“All mjølk i bakst kan bytast ut med erstatningsmjølk” las eg. Eg har no testa saftige rundstykker med mandelmelk og dei vart megabra! Kan ikkje merke skilnad på desse og dei med kumjølk.

Ei god og enkel oppskrift. På ordentleg enkel.

Tek ca 2,5 time inkl 2 rundar med heving.

Ingrediensar til 20 rundstykker:

  • 700g kveitemjøl
  • 150g havre
  • 150g sammalt kveite
  • 6,5 dl mjølk/mandelmjølk
  • 100g romtemperatur smør/margarin (soft flora blå)
  • 1 ts salt
  • 1 ss honning
  • 1/2 pk tørrgjær
  • 2 egg (eitt i deigen, eitt til pensling)
  • Solsikke, valmue eller sesamfrø til pynt – om du vil!

Slik gjer du:

Bland saman alt det tørre. Ha i mjølka, kald, og elt i 15 minutt for hand eller med maskin. Ha så i smør og elt i 5 min til. Dekk med plast og sett til heving ca 60-90 minutt, til dobbel storleik.

Ha litt kveitemjøl under deigen på benken og del deigen opp i 20 emne. Rull ut. Sett til heving i ca 45 minutt.

Sett steikeomnen på 220*C .

Pensle rundstykka med egg og strø over frø. Her har eg brukt rista svarte sesamfrø. Det var veldig godt!

Steik i 18 minutt nede i omnen og avkjøl på rist.

Nydelege som dei er og til lapskaus, supper, gryter og i nistepakken!