Verdensbeste.no
DrikkeDrinkFrukt og bærNam!Råvarer

September og Svartsurbær (Aronia), kva kan du lage?

Svartsurbær, aronia melanocarpa, er for nokre best kjent som prydbusk-bær. Dei veks på ein ynda og hardfør busk med kvite blomeklaser tidleg på sommaren og flammande haustfargar på hausten. I september er dei fulle av store, svarte bær. I helsekostbutikken finn du produkt av svartsurbær oftast under namnet aronia. Desse bæra kan vera gull for helsa grunna det høge innhaldet av antioksidantar – faktisk dobbelt så mykje som i ville blåbær! Kjem attende til helseeffekten lenger ned.

Smaker ein på desse bæra smaker dei surt og litt bittert, men FRYS ein dei ei natt (som rognebær!) er dei ikkje lenger så bitre. Vi har brukt bæra til å lage likør, gele og syltetøy. Smaken er veldig ulik andre bær. Det som slo meg fyrst er at den er mørk og vintereple-aktig.

Eg kjenner meg att i denne smaksskildringa:

“A combination of a tart apple, an unsweetened cherry and a dry red wine”

Som juice smaker dei faktisk nesten som vin (jada, tek litt i, men nesten) – og har rette fargen. Som gravid var dette det eg drakk i stettglass. Tips tips til dei som måtte sakne litt raudvin undervegs eller foretrekk å droppe alkoholen.

Det fine er at desse veks overalt! Langs vegen, rundt offentlege institusjonar og rundtom i hagane til folk – ikkje plukk der utan lov. Dei veks i store klaser og er lette å plukke. Husk å vaske bæra godt om du plukker langs vegen.

Vi plukka svartsurbær i fjor etter tips frå ein gartnar. Vi laga gelé, syltetøy og litt juice. Likør vart det også takke vera at vi plukka litt for mykje.

Gelè

Same oppskrift som ripsgele. Reinske og safte bæra. Ha safta over på litermål eller liknande. Ha i like ca mykje sukker som saft og med desse bæra tilsette vi pektin pektinpulver – det får ein kjøpt i daglegvarebutikkar. Dette er bankersoppskrifta. Ser at nokre brukar mindre sukker når dei bruker pektin, det kan ein eksprimentere med.

Gelèen var spesielt god til ost og vil tru at den er god til vilt også.

Syltetøy

Syltetøyet var ein favoritt hjå ungane. Nydeleg på vafler!

Vi laga berre med svartsurbær, men eg har funn ei oppskrift med m.a. ingefær som eg har lyst å prøve. Heile oppskrifta finn du HER:

1,5kg svartsurbær. Bæra skal vera svarte ved innhausting.

1 eple

Litt fersk ingefær i skiver, tjukke nok til at du får plukke dei lett ut att.

1dl rødvin (kan sløyfast, ta då litt meir vatn)

4dl vatn

Ca 750g sukker

1pk syltepulver

Safta av 1 sitron

Juice-prosjektet gjekk ikkje heilt som vi hadde tenkt så vi får prøve att i år.

Vi plukka så mykje svartsurbær at vi måtte slenge litt over til Drinkmaster André også, han laga likør. Mmmmm! Og for ein farge… Djup djup lilla!

Likør:

For å lage likør av svartsurbær treng ein eit stort glass med lokk, norgesglass eller anna stort glass med lokk. Svartsurbær, sukker og alkoholsterk vodka. Omlag 1-1,5 L svartsurbær, ei halvflaske av Polets Seksti og 0,5 kg sukker i 1,5 L glass. 

Ha bæra over på glasset. Fyll heilt opp. Ha så på sukker, rist det nedi og fyll på til det ikkje går an å få på meir. Hell så roleg over vodkaen stopp når det er fullt att.

Vend to gonger om dagen til sukkeret er heilt oppløyst, og vend så to gonger i veka etter det. Lat stå i ca 8 veker. Kan gjerne stå lenger!

Sil likøren over på passande flaske eller karaffel. Det er viktig å fjerne bæra då det kan danne seg blåsyre i kjernene.

Super digg som ein “knert” til gjestene etter eit godt måltid eller som drinktilbehør. Ikke verst når det til og med er skikkelig sunt😉

Kan svartsurbær få ned antibiotikabruken ved norske sjukeheimar?

Det hevdast at desse bæra mellom anna styrker immunforsvaret, regulerer blodtrykk og beskytter urinveiene. I Agder skal dei no gjera eit forsøk der ein skal byte ut antibiotika som førebyggande med ein aronia-mikstur.

Legg ved eit utdrag:

“Ved norske sykehjem brukes antibiotika blant annet som forebyggende medisin mot urinveisinfeksjon. 

Forskerne tror aronia-miksturen kan forebygge urinveisinfeksjoner og dermed redusere bruken av antibiotika. Utvikling av antibiotikaresistens – som kort sagt innebærer at antibiotika ikke lenger fungerer optimalt som medisin – er et alvorlig samfunnsproblem.

 – En av våre forskningshypoteser er at stoffer i aronica-juice blir omdannet til nye stoffer i tarmen. Disse omsetningsstoffene gir en antibiotika-lignende effekt i urinsystemet, sier Stea.”

Du kan lese meir om det HER.

Det er jo fantastisk spennande – og bæra heng nett no på ein busk truleg ganske nær deg!