Ha serviettar og vaskefat klart, dette er messy og digg!

Ingrediensar til 2 personar:
  • Ca 0,5 kg kokte krabbebein/klør
  • Nøytral olje til steiking
  • 1 ss asiatisk fiskesaus
  • 4-5 ss søt soyasaus
  • 1-2 ss grovkverna pepper
  • 4 fed kvitløk
  • 1 raud chili
  • 1 ss raspa ingefær
  • Ein neve frisk koriander
Slik gjer du:

Start med å steike klørne i olje, svi dei lett. Skru så ned varmen til medium. Ha oppi sausar og krydder. Vend det godt i hop i eit par minutt.

Rett før servering riv over koriander.

Dette er ein god måte å få spist beina, men det funker like godt med krabbeklør om ein vil ha meir mat i retten. Same framgangsmåte med klør, men knekk dei litt opp før steiking og fjern ev. lause skallbitar.

Server med krabbebestikk for å få ut kjøttet, men her er det lov og nødvendig å eta med hendene. Mykje av smaken sit i skallet. Slurp i deg!

PS! Vi anbefaler absolutt ikkje tygging av skal!😅

Har du smakt grilla hummar med urtesmør? Retten du dagdrømmer om etterpå!

Du vil kanskje også like...

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *