Verdensbeste.no
Frå hagenFrukt og bærverdens beste

Slik lagar du god eplesider heime!

Vi er ikkje siderekspertar, men likar å lage eplesider til heimebruk. God å ha i mat, god å drikke!

Sukkerinnhaldet i eplesafta varierer frå år til år. Proffane måler gjerne dette for å få best mogleg resultat. Denne oppskrifta tek ikkje høgd for det, men er ein enkel introduksjon med ok til godt resultat – etter vår erfaring.

Ingredienser:

  • 20 l råsaft frå eple, på 25 liters dunk.
  • 3 kg druesukker/sukker
  • 1 pose tørr vingjær
  • Spissen av ei ts Zymex
  • Spissen av ei ts med gjærnæring
  • Spissen av ei ts Supermoss

Slik gjer du:

  1. Hell eplesafta på godt reingjorte ballongar. Bruk gjerne ballongrens og Star San for å vera sikker på at ballongen er heilt rein.
  2. Ha i druesukker/sukkeret og bland godt i hop.
  3. Kontroller temperaturen. Avhenging av kva gjær du bruker, må du tilpasse temperaturen. Vi brukte gjær med stort temperaturspenn.
  4. Sett dunken på baderomsgolvet eller i bod med temperatur som gjærprodusenten anbefaler.
  5. Når det er slutta å boble i gjærlåsane og du kan legge øyra til og ikkje høyre knitring, er sideren ferdiggjæra. Då er det tida for å “stikke om” sideren ved hjelp av hevertmetoden. Ha sideren over på rein dunk. Pass på så du ikkje virvlar opp gjæren. Om sideren går og går kan du hive på gjærstopp etter ca 10-14 dagar. Går den for lenge kan sideren bli vel tørr.
  6. Klarningsmiddel/Supermoss er genialt for presse gjærrestar og partiklar til botnen. Ha dette i saman med gjærstoppen.
  7. La sideren stå i så jamn kjølig temperatur som mogleg. Kan puttast i kjøleskap for at den ikkje skal starte att.
  8. La dunken stå til sideren er heilt klår. Bruk så hevert og stikk om igjen før du heller over på flasker for det beste resultatet.

Eit år humla vi sideren, inspirert av Aga Sideri sin “Humplepung”. Vi kjøpte humle på ein lokal bryggeforetning og hadde dette i ein “humlepose” (ca 30g på 23-25 l) som vi hang ned i ballongen i 4 døgn. Dette vart svært godt og anbefalast å prøve!

I år har vi prøvd oss fram med rips og plommer som smaksvariant. Spent på resultatet!

Vil du ikkje lage eplesider sjølv, finn du mykje god sider under merkevara “Hardangersider” på Vinmonopolet. Vi kjøper gjerne sider frå Alde, Edel, Aga Sideri, Kvestad sideri og Store Naa Siderkompani.

Våre oppskrifter med Hardangersider finn du her!

Sidervisa

Tekst: Bjarne Ljones

Han Paodl ha eit eldgammalt surepletre
so lute seg ut yve hytto.
Naor eplæ æ gjóre so dette dei né,
å dao æ han Paodl dar mé bytto,
å pitla dei uppi å fær dei i sekk
å sete dei varlæ i kjedlaren vekk.
Han ha visst eit håp, og han synge ein song:
om sider, om sider, té vaoren eingong.

Visst grannen æ blie, han fær seg ein dram
so kan da seg laga mé pressing.
I kveldingjæ finne me reidskapen fram
å hjelpest mæ lessing å klessing.
Dæ litt tao eit tétak, å notté ho gaor
mæ saftæ ho drype so blank å so klaor.
Å me fær eit haop, å me synge ein song:
om sider, om sider, té vaoren eingong.

Ballongo æ klar, å ho fydlest so smaott
mé saft og mé sukker og vatten.
Da putla å gjenge, å gjenge da godt
so vette da ikkje for katten.
Men ti mao da ha om da ska vetta bra.
Dæ freistande ofta å tappa og ta.
Men me ha eit haop, å me synge ein song:
om sider, om sider, té vaoren eingong.

Pao Skjértorsdags aftan dao bere da laust,
for dao ska da prøvast i kruset.
Dæ langsama tier te vaor i frao haust,
naor du gjenge å venta på ruset.
-Men her skal eg sei da vatt styrkje å smak,
ein kjenne seg sprek om ein før tottest spak.
Han Paodl livna té å han synge ein song:
om sider, om sider, té vaoren eingong.

Å du vette sterke, å du vette stor,
å du vette fine te sjao te.
Ådu vette rike pao pengar å jor´,
å dao kan du jedna væ kaote.
Men væ litt forsiktig, da raor eg deg te,
da teke i leggjer, da teke i kne.
Å skulde du kubba, so prøv mæ ein song:
om sider, me sider, kom vaoren eingong.