Verdensbeste.no
bakstDessertNam!søtsakerverdens beste

Pumpkin Pie! Gresskarpai! Nam!

Gresskar for president! Neida, men vi må jo bruke opp det kjøttet vi har etter carving. No har vi spist gresskarsuppe eit par dagar og det var greit å lage noko anna. Og det blei så godt! Heile paien forsvant på eit blunk!

Snart er det Thanksgiving for mange og gresskarpaien er jo obligatorisk.

Ingredienser til rund form, 25 cm i diameter:

  • Paibunn (ferdig eller du kan lage)
  • 1 kg gresskarkjøtt
  • 150 g brunt sukker
  • 0,5 ts salt
  • 0,5 ts malt muskat
  • 2 ts kanel
  • 1 ts malt ingefær
  • 3 egg
  • 1 boks vikingmelk/kondensert melk med eller utan søting.

Slik gjer du:

Vi kjøpte ferdig paideig (30 cm). Du kan også lage bunn, oppskrift HER.

Sett ovnen på 180℃.

Skrell gresskaret og skjer kjøttet i terningar. Damp det mørt. Kjøl ned.

Ha paideigen i forma. Dekk kantane med aluminiumsfolie så dei ikkje glir ned under steiking. Prikk bunnen lett med ein gaffel. Steik i 10 minutt, ta av folien og steik i 5-10 min til – til paibunnen er gyllen. Ta den ut av ovnen og la den stå medan du lager fyllet.

Mos gresskarkjøttet til ein klumpefri mos med stavmixer eller i food prosessor.

Ha i alt krydderet, sukkeret, egga og rør til slutt i den kondenserte melka. Rør det godt slik at fyllet framleis er jamnt.

Hell over i den forsteikte paibunnen og sett i ovnen i 45 minutt.

La paien kjøle seg ned før servering, den blir då fast og lett å skjære i kakestykker.

Server med piska krem. Nam!