Verdensbeste.no
AsiatiskMiddagNam!verdens beste

Honning- og Soyaglasert Kalkun

Søtt og salt i skjønn foreining!

Husk at kalkunen tek eit par dagar å tine!

Marinade til kalkun, ca 5-6 kg

  • 2 dl soyasaus
  • 2 dl honning
  • 2 ss sesamolje
  • 4 ss fersk riven ingefær
  • 1 ss konsentrert kyllingkraft
  • 1 ss pepper
  • 1,5 dl sukker
  • 2 ss smør
  • 2 ts asiatisk 5 spice krydder

Ingredienser stuffing:

  • 4 små syrlege eple
  • 6 ss raspa ingefær
  • 1 neve knust fersk grøn pepper
  • 2 buntar med vårløk
  • 2 dl hardangersider eller kvitvin
  • 3 ss Cocosa, kokosolje

Ingrediensar saus:

  • Kveitemjøl
  • 1 ss smør
  • Ein skvett fløte
  • Ev. restar fra marinaden

Slik gjer du:

  1. Salt kalkunen over natta. Gni den inn med salt, få så mykje under skinnet som du klarer. Opne den gjerne litt på undersida for å få salta og sidan marinert.
  2. Kok kraft på posen med innmat som fylgjer med.
  3. Sett ovnen på 180 ℃.
  4. Bland marinaden i ei panne og varm lett opp for å få honning og smør blanda inn.
  5. Gni heile kalkunen godt inn med marinade, så mykje som mogleg inn under skinnet. Om det sprekker kan du “sy det att” med tannpirkarar.
  6. Kutt opp epler i båtar, hakk vårløk, rasp ingefær, knus grøn pepper og bland i sider/kvitvin og kokosolje.
  7. Ha stuffingen inn i kalkunen.
  8. Knyt saman kalkunlåra med bomullstråd. Ha vingene under slik at kalkunen ligg fint.
  9. Sett kalkunen på ei steikeplate og dekk med folie. Hell ein kopp med vatn og ein dæsj soyasaus på steikeplata.
  10. Sett kalkunen i ovnen. Omlag 30 min per kilo.
  11. Ha over kraft frå forma på kalkunen – og pass på at forma ikke går tørr. Spe på med vatn når det trengst.
  12. Steik til kjernetemperaturen i låret er 65℃.
  13. Nesten like viktig som rett steiking er god kvile. Pakk kalkunen inn i folie og gjerne eit handkle. La den stå minst ein time før servering.
  14. Ta krafta frå steikeplata og sil den over i krafta frå innmaten.
  15. Lag ein fast ball av mjøl og smør. Kok denne saman med krafta. Ha i ev. restar frå marinaden.
  16. Skjær opp kalkunen og server med det du vil. Vi hadde pimpa ris og mangosalat med granateple og avokado. Vilt digg!