Verdensbeste.no
DessertDrikkeDrinkJulsøtsakerverdens beste

Kandisert Ingefær

Kandisert ingefær er kanskje det julegodtet vi ser mest fram til å lage. Funker forresten veldig godt resten av året også! Nam!

Denne oppskrifta er veldig grei fordi den justerer seg sjølv etter kor mykje ingefær du har. Ingrediensene under er difor berre eit døme.

Ingredienser:

  • 1 kg ingefær
  • Ca 15 dl sukker
  • Vatn

Den største jobben er å skrelle.

Tips: Det hjelper med ein god serie på tv!

Knekk ingefæren opp i handterlege bitar. Væpna med skarp kniv, skei og potetskrellar gjekk det ganske greit, dette året har eg fått meg ein fantastisk skrellar frå eBay. Då gjekk det som ein leik, nesten for fort. Fekk ikkje sett på tv slik eg hadde tenkt.

Eg hadde 800 g ingefær, etter skrelling var det litt over 600 g att.

Del den skrella ingefæren i skiver/strimler som er 3-4 mm tjukke.

Skyll gjerne ingefæren eit par gonger for å få vekk ev. rusk fra skrelling. Dekk så ingefæren godt med vatn. Ca 2 cm over.

Kok opp og la småkoke i 30 min

Ta panna av plata og mål opp kokevatnet. Ha i like mykje sukker som vatn. Kok så dette opp og småkok vidare til ingefæren er gjennomskinneleg, tek ca 30 min.

Legg ingefæren utover ei steikeplate og la den kjøle seg litt ned. Ta vare på ingefæresirupen som blir att i gryta. Hell den på flaske. Gi den bort i gåve, ha i teen, drinken eller over iskrem. Kjempegod!

Ha sukker i ein bolle og vend all ingefæren i sukkeret. Legg attende på steikeplata og la tørke til det er stivna. Har du tørkemaskin er den ideell å bruke no. Om ikkje, la ingefæren ligge på plata ca eit døgn i romtempratur. Ha så den kandiserte ingefæren over på lufttette boksar/glass. Nokre liker å bake med kandisert ingefær, bruke som garnityr på ein gin-gin mule eller ein kan ete den akkurat som den er. Ei lekker gåve er det også!