Verdensbeste.no
DessertJulNam!søtsakerverdens beste

Lyders Verdens Beste Karamellar!

Her er ei oppskrift som gir mange gode fløtekarameller. Dette kan vera ei fin julegave eller vera noko alle kan samlast om etter familiemiddagen – med mindre dei har hol i tenna.

Ingredienser til stor batch:

  • 4 dl fløte
  • 4 dl lys sirup
  • 4 dl sukker
  • 4 ss meierismør

Ha fløte, sirup og sukker i ei vid panne med tjukk botn. Vi brukte ei jerngryte. Ha på middels-høg varme. Rør og rør og rør til du ser at det er blitt karamell. Til det er riktig farge og konsistensen er tjukk. Dette tek 45-60 min. For å vera sikker kan du ta dråpetesten.

Dråpetesten: Bruk ei teskei og ta en dråpe karamell i et glass kaldt vatn. Dersom karamellen stivner og du kan forme den til ei kule, er den ferdig. Om ikkje koker du den litt lenger.

Ein kan også bruke steiketermometer:

  • 120 grader: veldig mjuk karamell.
  • 123 grader: hardere konsistens
  • 130 grader: knekk.

Vil du eksperimentere litt med smak kan du ha i ulike smakar på slutten. Kaffi er ein sikker vinnar. Ein kan også ha i mandlar eller nøtter når karamellen er ferdig å koke.

Vi tilsette mellom anna juleøl. Årets juleøl er eit ølsett kjøpt hjå vår lokale bryggeforretning Vestbrygg, American Mocha Porter, som vi tilsette mørk rom. Det vart veldig godt i karamellane, men obs ha i litt og litt. Det brusa veldig.

Tilsett smøret og rør det godt inn.

Ha over i ei olja ildfast form eller langpanne, ein kan også bruke silikonformer og treng då ikke smøre den. Når karamellen er avkjølt kan ein skjera opp i passelege bitar. Pakk inn i vokspapir, matpapir eller cellofan. Oppbevar i kjøleskapet.