Verdensbeste.no
KetoLavkarboMiddagMissMoroccoSjømatverdens beste

MissMorocco: Fisk med grønsaker i cumin, ingefær og paprika.

I Marokko blir fisk krydra med cumin, paprika, ingefær og laurbærblad. Grønsakene blir lagt lag på lag. Fest i munnen og fest for auga!

I denne retten er det litt “ta det du har”, du kan velge dei grønsakene du liker. Det viktige er god fisk, olivenolje, urtene og krydderet, løk og sitron.

So so good!🤩

Ingrediensar til 4 personar:

  • 400 g fisk, vi har brukt laks
  • 4 poteter ev 1 blomkål i fine skiver
  • 3 gulrøter
  • 1 paprika
  • 1 gul løk
  • 3 ferd kvitløk
  • Om du vil: 1 rød chili
  • 1 squash
  • 15 oliven (kalamata har vi brukt)
  • 2 tomater/ 2-3 ss hakka tomater fra boks
  • 2 dl vatn
  • 1/2 sitron
  • Olivenolje
  • 3 laurbærblad
  • 1 ts cumin
  • 1 ts ingefær
  • 1 ts paprika
  • salt
  • 1 bunt bladpersille (ev.kruspersille)

Slik gjer du:

Denne retten kan også enkelt lagast i eldfast form. Same framgangsmåte, men ei kan då berre legga alt i på ei gong og ha i ovnen på 200*V i ca 40 min. Vi har brukt steikepanne.

  1. Lag ei krydderblanding av paprika, ingefær, cumin og salt.
  2. Ha litt olivenolje over laksen og vend den i krydderblandinga og legg den på eit fat. Dryss over litt persille.
  3. Ha 2 dl vatn i den resterande krydderblandinga og rør ut.
  4. Skjær løken i tynne skiver. Finhakk kvitløk.
  5. Varm opp olivenolje i ei steikepanne (med lokk!) på medium varme, legg løken fint utover og strø over litt salt.
  6. Skrell poteter og gulrøter. Skjer i tynne skiver. Har du lite tid kan du koke dei litt fyrst.
  7. Skjer squash og sitron i tynne skiver.
  8. Legg poteter, gulrøter, squash og paprika lagvis. Legg laksen oppå og legg sitroner på toppen. Dryss over persille og oliven.
  9. Hell over krydderblandinga. Legg i 3 laurbærblad.
  10. Ha på lokk og la småkoke i ca 20 min. Blir det mykje væske tek du av lokket, skrur opp varmen og lar det redusera seg litt på slutten.
  11. Smak til med salt.
  12. I Marokko blir retten servert med godt brød.
  13. Nyt!

Fleire oppskrifter frå MissMorocco finn du her.