Ein Thailandsk favoritt og go to-rett vi var nødt å lære oss å lage!
Hot (-hot-hot) og full av smak. Ei oppskrift som er enkel og lett å variera!
Ingredienser til 4 personar:
- Ris
- 4 egg
- Olje til steiking
- 4 kyllingfiletar ev. kongrereker/fisk/blekksprut/grønnsaker..
- 10 fed kvitløk
- 6-10 thai chili
- 4 store grønne chili
- 4 ss oyster sauce
- 2 ss soya saus
- 2 ss mørk søt soya saus
- 25 g palmesukker/kvitt sukker
- Ein bunt Holy Basil (Vi har også brukt Hairy Basil og Sweet Basil)
Slik gjer du:
Fyrst: Sett risen på kok!
Så.. Steik Speilegg!
- Varm opp ca 4 ss olje i ein wok til middels/høg temperatur.
- Når olja er fresande, ha i egget. La det steike og sleng oppa litt varm olje også. Treng ikkje vende egget – om du ikkje må.
- Gjer dette med alle fire egga. Legg dei på eit fat med kjøkkenpapir og lat dei stå medan du lager Pad Kra Pao!
Pad Kra Pao
- Del kylling opp i terningar
- Hakk opp chili og kvitløk og knus dei i ein mortar. Dette for å få ut oljene og smakane.
- Ta blada av Holy Basil-bunten.
- Ha i ca 4 ss olje i woken og varm opp på høg temperatur.
- Når olja er varm har du i chili og kvitløk. Steik dei i ca 20 sekunder, viktig at dei ikkje svir seg!
- Ha i den grøne chilien og kyllingen (eller det du vil ha i). Velt den godt rundt i woken til den er gjennomsteikt. Om den begynner å sjå tør ut ha i ein liten skvett vatn.
- Ha i oyster sauce, soya saus, palmesukker og mørk søt soya saus. Skru av varmen og fjern panna frå varmen.
- Ha kjapt i Holy Basil-blada i panna og vend dei inn.
- Server med ris og speilegg. SUPERNAM!