Verdensbeste.no
KetoLavkarboPizzaverdens beste

Fathead pizza – lavkarbo

Elskar denne lavkarbo-pizzaen!

Etter å ha endra kosthold brukte eg litt tid på å finne fram til “kosematen”, men no har eg funne masse godt. Og denne pizzaen likar eg like godt som pizza med tradisjonell bunn! Har servert den og fått “terningkast 6” av ei god venninne.

Den er digg – ikkje berre “etstatningsgod”.

Ingrediensar fathead bunn:

  • 150 g revet mozzarella
  • 75 g philadelphia
  • 1 egg
  • 2 dl mandelmel
  • Ca ei halv ts salt

Smelt mozzarella og philadelphia på medium varme til ein jamn masse. I ein bakebolle har du i mandelmel, egg og salt. Ha så i den smelta osten og jobb det godt saman. Lurt å vera litt rask. Ein kan bruke kjøkkenmaskin/miksar, men det blir fort litt kladdete. Eg føretrekk å miksa det for hand sjølv om det er litt jobb.

Enklaste er å bake deigen ut til ca 0,5 cm med kjevle mellom to bakepapir.

Prikk botnen med ein gaffel og steik den på midterste rille i 8-10 min på 220 grader.

Ha på det fyllet du ønsker og steik til det ser ferdig ut. Min favoritt er denne pizzaen med asparges og blåskimmelost. Har gjerne litt valnøtter på også. Sukrin gold sirup er supert som erstatning for honning om ein likar det på.

Nyt!